Valprogram 2019 – 2023

Valprogram MDG Suldal 2019-2023

Miljøpartiet Dei Grøne Suldal (MDG) – vi gir miljøverdiane ei stemme i Suldal

Grøn politikk er basert på rettferd og likskap for alle menneske, både for oss som lever i dag og for framtidige generasjonar. Målet er eit økologisk og sosialt berekraftig samfunn, slik at vi ikkje overlet urimelege utfordringar og kostnadar til etterkomarane våre.

MDG ønskjer ein diskusjon om korleis me i fellesskap kan ta vare på vår felles arv: Natur, kultur og demokrati. Vi vil arbeide ut frå at det er ein samanheng mellom ein ansvarleg miljøpolitikk og eit rettferdig samfunn.

Bakgrunn

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har stilt til val ved alle lokal- og stortingsval i Noreg sidan 1987. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 2015 fekk partiet eit nasjonalt gjennombrot. 4,2 % av stemmene ved kommunevalet og 5 % ved fylkestingsvala gav partiet representasjon i nesten 200 kommunar og i samtlige 19 fylkesting.

Sidan stortingsvalet i 2013 har MDG hatt éin representant på Stortinget.

I Suldal blei det skipa lokallag i januar 2015. Partiet stilte til val i Suldal for første gong ved kommunevalet same året.

Store utfordringar

Dei største utfordringane me står framom i vår tid har global karakter – og dei er samansette. Klimagassutslepp, miljø-øydeleggingar og utrydding av artar er store globale utfordringar som krev endring og handling på lokalt nivå.

I Noreg er vi i ei nasjonal særstilling når det gjeld materiell rikdom. Likevel er det store forskjellar mellom folk, og forskjellane blir større. MDG ønsker å trekke fram sider ved livet som gir livskvalitet utan stort materielt forbruk, i tillegg til å bremse den aukande forskjellen mellom fattig og rik.

Kvifor Dei Grøne?

Lokalpolitikken til Dei Grøne skal støtte ein berekraftig nasjonal og global politikk. Det er viktig å ha eit medvete forhold til korleis vi forvaltar naturressursane våre, både for vår eigen del og med tanke på framtidige generasjonar.

Målet vårt er eit medmenneskeleg og inkluderande samfunn i økologisk balanse – eit samfunn med sosial, økologisk og økonomisk berekraft. For å bygge eit slikt samfunn treng me livskraftige lokalsamfunn, nytenking og levande bygder.

Me legg ikkje skjul på at politikk er utfordrande. Politikk handlar om å prioritere, men der andre parti konkurrerer om skattekutt og større forbruk for dei som har mykje frå før, vil Miljøpartiet Dei Grøne kjempe for å ta vare på jorda, mangfaldet og fellesskapet.

Vi vil prioritere å bygge eit samfunn der folk har meir tid til kvarandre, heller enn å jage etter større forbruk.

– KLIMA OG MILJØ

MDG vil at kommunen utarbeider ein ny klima- og miljøplan. Denne skal bli eit forpliktande dokument for kommunen sitt arbeid med å redusere utslepp av klimagassar. MDG vil arbeide for at kommunen systematisk reduserer utslepp av klimagassar i alle sektorar. Kommunen bør få ein eigen klima- og miljørådgivar som leier og kvalitetssikrar dette arbeidet.

Vi vil…

  • at planlegginga i kommunen må ta sikte på ei berekraftig utvikling med utgangspunkt i at naturen har eigenverdi.
  • arbeide for å verne om og utvikle friluftsområder.
  • arbeide for å avgrense utbygging av hyttefelt i område som har særleg verdi for innbyggarane i kommunen.
  • motarbeide tiltak og prosjekt som gir ei øydeleggande form for masseturisme. Om Suldal skal bli sertifisert som eit berekraftig reisemål, bør satsinga få eit truverdig innhald. Dette kan ikkje innebere å satse på turisme frå Kina.
  • at gjenverande vassdrag blir vurdert nøye før ein tillet ytterlegare kraftutbygging.
  • at kommunen skal ha ei miljøvennleg ressursforvalting som m.a. omfattar gode system for innsamling, sortering og gjenbruk av avfall.
  • sikre eit sterkt jordvern.
  • ha ei restriktiv haldning til utslepp, både til luft, vatn og jord.
  • redusere støy i bustad- og fritidsområde.
  • forvalte heieområda på ein måte som sikrar eit mangfaldig dyre- og planteliv.
  • at Suldal kommune tar eit særleg ansvar for å sikre villaksen gode levekår.
  • at kraftkommunen Suldal bør vere ein føregangskommune i satsinga på energiøkonomisering og fornybar energi i offentlege bygg.
  • stimulere til at bedrifter i kommunen jobbar med å redusere sine utslepp.
  • at oppdrettsnæringa skal bli ein berekraftig industri. Det må setjast miljøkrav som hindrar forureining av omgjevnadane. Vi vil derfor ha lukka anlegg innan 2025.
  • seie nei til sjødeponi av gruveavfall, støv og slam frå bergverksindustrien.
  • at Sandsfjorden må inn i ein marin verneplan, då han er ein nasjonal laksefjord og inneheld korallrev. MDG nasjonalt vil verne ti prosent av norske havareal innan 2027.

– EIT GRØNT OG NYSKAPANDE NÆRINGSLIV

Skaparkraft og engasjement må vera drivkrafta i økonomien. Småbedrifter, entreprenørar og private initiativ er sentrale i næringspolitikken til MDG.

Vi vil…

  • -at kommunen må legge til rette for grønn næring ved å auke og styrke den lokale matproduksjonen, støtte distribusjon av lokal og kortreist mat, og utarbeide ein aksjonsplan for jordbruket som bygger på desse føresetnadane
  • at lokal kultur, eigarskap og identitet må vere sterkt og synleg til stades i reiselivsverksemder og -produkt.
  • sikre at lokalt entreprenørskap får gode rammevilkår, og stimulere og støtte miljøvennlege bedrifter.
  • at kommunen må arbeide for at meir av tenesteproduksjonen blir miljøsertifisert.
  • at kommunens næringsfond primært bør gi støtte til investeringar som reduserer det økologiske fotavtrykket for bedriftene. Investeringar som gir aukte utslepp i kommunen bør ikkje få støtte.
  • stimulere til nye typar grøne arbeidsplassar, og jobbe for å utnytte synergieffekter av den planlagte hydrogenfabrikken på Jelsa.

– LANDBRUK OG MATPRODUKSJON

Vi meiner at Suldal må vera meir sjølvforsynt med dei matvarene vi har best føresetnadar for å produsere, og ønskjer ei omlegging til eit meir berekraftig landbruk.

Vi vil…

  • legge til rette for omsetting av lokalprodusert mat.
    opprette ei innkjøpsordning i kommunen som inneber at 25% av maten kommunen kjøper bør vere lokalproduserte varer – gjerne økologiske.
    opprette eit kommunalt klimafond for landbruket. Her kan landbruket søke om støtte til tiltak som reduserer utslepp eller gir aukt karbonlagring. Det kan vere støtte til bygg i tre, drenering, maskinar som ikkje blir drivne av fossil brensel, miljøvennleg spreieutstyr, og liknande. 
  • at det ved nybygg bør bli lagt til rette for framtidig bruk av biogass på garden når teknologien kjem.  
  • arbeide for å auke omlegginga til økologisk landbruk.

 

– KLIMASMART SAMFERDSEL

Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer å revolusjonere norsk samferdsel og gjere det enkelt og billig å velja dei mest miljøvennlege transportmidla.

Vi vil…

  • jobbe for å oppretthalde tilbodet på hurtigbåt, og jobbe for å få på plass ein meir miljøvennleg hurtigbåt som ikkje blir driven av fossil energi. 
  • at forholda må leggast betre til rette for syklistar. Vi ønsker særleg fleire og betre sykkelstiar i tilknyting til skulane.
  • at Suldal kommune må vera i framkant med tilrettelegging for bruk av alternative energikjelder i transportsektoren.
  • at det må greiast ut korleis ein kan få til meir samkøyring i kommunen.

– MANGFALD I KULTURLIVET

Suldal har gode føresetnadar for å utvikle eit fargerikt samfunn. Kulturlivet er ein viktig arena for å få dette til. Alle bør ha tilgang til eit breitt kulturtilbod. Vi meiner at det offentlige må legge til rette for eit mangfaldig kulturliv gjennom gode støtteordningar.

Vi vil…

  • arbeide aktivt for å støtte gode møteplassar, og særleg dei med fokus på ungdom.
  • oppretthalde hjelp og praktisk støtte som gjer kvardagen i lagsarbeidet lettare. I Suldal er det frivillige lagslivet ein berebjelke i kulturen.
  • at det skal vere ei viktig oppgåve for kommunen å koordinere dei ulike aktivitetane og stimulere til samarbeid.
  • styrke kulturskulen og utvikle tilbodet i heile kommunen.
  • styrke kulturminnevernet. Suldal har ei særleg rolle som forvaltar av viktige kulturverdiar.

– EIN GOD KOMMUNE Å BU I

Vi vil…

  • at det skal vere tilstrekkeleg med barnehageplassar i alle delar av kommunen. Tilbodet i barnehagane skal tilfredsstille høge krav til kvalitet.
  • at det skal vera eit ekstra fokus på klima, miljø og dyrevern i barnehagen og på skulen.
  • at barne- og ungdomsskulane skal gi elevane tilfredsstillande pedagogiske og sosiale tilbod nærast muleg heimen.
  • at barnevernet bør styrkast, slik at barn, unge og foreldre får kvalifisert hjelp ut frå sine eigne føresetnadar. Tilbodet i barnevernet skal tilfredsstille høge krav til kvalitet.
  • at det skal leggast stor vekt på å gi alle tilflyttarar god hjelp til integrering i lokalsamfunnet. Vi vil skape gode rammevilkår for integreringsarbeidet i kommunen.
  • at innbyggarane i Suldal skal vere trygge på at dei vil få rask og kvalifisert hjelp når dei har behov for helse- og omsorgstenester.
  • at kommunen skal legge til rette for at flest muleg kan bu heime så lenge som råd.
  • at det skal leggast til rette for at ein kan leva eit godt liv sosialt og kulturelt når ein må flytte til omsorgsbustad eller sjukeheim.

– EIT OPE OG GJENNOMSIKTIG LOKALDEMOKRATI

Vi vil arbeide for betre innsikt i det politiske arbeidet i Suldal og meir opne avgjerdsprosessar.

Vi vil…

  • arbeide for å styrke dei demokratiske prosessane og interessa for fellesskapet.
  • at planar som blir lagt ut til ettersyn skal presenterast i eit kortfatta samandrag.

Tema i valprogram

  • - KLIMA OG MILJØ
  • – EIT GRØNT OG NYSKAPANDE NÆRINGSLIV
  • – LANDBRUK OG MATPRODUKSJON
  • – KLIMASMART SAMFERDSEL
  • – MANGFALD I KULTURLIVET
  • – EIN GOD KOMMUNE Å BU I
  • – EIT OPE OG GJENNOMSIKTIG LOKALDEMOKRATI