NYTT FRÅ MDG SULDAL DESEMBER 2015, Nr. 1 

Kjære medlemmer i lokallaget Suldal MDG, kjære venner, 

Året begynner å nærma seg slutten, og også for oss er det på tide med ei oppsummering. 2015 har vore et spennande år med mange utfordringar og overraskingar. Vi har gjennomført ei evaluering av arbeid fram mot valet. Hovudkonklusjonen for Suldal MDG er at vi ikkje klarte å komme inn i Kommunestyret i haust. Dette var skuffande. Særlig fordi vi har jobba hardt for å forklare oss, og vi gikk inn i kommunevalet med stor optimisme. Ein optimisme som ikkje blei besvart på den måten vi hadde ønskt oss.

Og her er det så mange arbeidsfelt innafor berekraftig nytenking som nå ligg brakk i Suldal. For eksempel økologisk landbruk, miljø og naturvern, energisparing og energiøkonomisering. Suldal Kommune tar seg ei pause i ei utvikling, som elles har berørt nesten alle delar av landet. Suldal Kommune tar seg ei pause i «grønt skifte». Et begrep som Norsk Språkrådet forresten har kalt for «årets nyord» i 2015. At vi ikkje fekk plass i kommunestyret kan vi beklage. Men det kan ikkje bety at vi må gi opp eller falle i apati. Oppgåvene for oss i lokallaget Suldal MDG er blitt mer utfordrande, fordi vi er mindre synlege. Men ikkje mindre relevante.

Og her treng vi dokke. Vi treng input og inspirasjon frå dykk. Vi treng hjelpande hender og kokande hovud. Vi vil gjerne føle same begeistringa og optimismen som under valkampperioden og vi vil kalle dokke inn til drøfting og medarbeid. Bare i lag kan vi skape det samfunnet, vi drømmer om!

Kva har skjedd i 2015? 

2015 er fødselsåret for Suldal MDG. 13. januar for å være helt konkret. Kanskje blir det bursdagskake neste år?

Styret, og også i samarbeid med medlemmene, har:

  • forma administrative, politiske og økonomiske rammer for å kunne delta i kommunevalet 2015
  • skrive program for Suldal MDG
  •  organisert valkamp
  •  skapt eit nettverk i det politiske miljøet
  •  lagt grunnlag for å skape ein livskraftig organisasjon
  •  styrka medlemsutviklinga
  •  og laga ein kommunikasjonsplan

Suldal MDG er blitt synleg og kjent i Suldal. Dette er bra. Men nå må vi sørge for, at vi også klargjør det vi står for, kva vi meiner og kva vi trur trengst, for å forma ein ennå betre kommune å leve i.

Utfordringane i 2016 blir heller ikkje mindre. Men vi lover dokke å jobbe vidare med dei sakene vi brenn for og for dei sakene vi trur vil hjelpe for å skape eit økologisk og sosialt berekraftig samfunn for oss og for barna våre.

Vi har planer om å halde dokke oppdatert i 2016 med informasjon om vårt arbeid i form av et nyhetsbrev. Brevet blir tilsendt via e-post og publisert på nettet og på Facebook. Dei som ikkje ønskjer nyhetsbrevet ber vi om å gi beskjed. Elles vil vi også, til alle som ønskjer det, gi muligheit for å få nyhetsbrevet også utan medlemskap. Men da treng vi e-postadressa tilsendt.

Dokke når oss under:

Suldal@mdg.no , eller

Facebook: Miljøpartiet Dei Grøne Suldal, eller

Bernd Elmies, 91990497 og alle andre styremedlemmer

Vi i styret for MDG Suldal ønskjer alle dokke ei riktig GOD JUL og eit GODT NYTT ÅR og takker dokke for et innholdsrikt år 2015. 

Med vennlig helsing 

Styret Suldal MDG 

17. desember, 2015