Klesbyttedag og reperasjonskafe

Suldal Kulturhus, laurdag 6. april, kl. 12.00-15.00

Klesbyttedagen og reparasjonskafe

Tradisjonstru arrangerar me klesbyttedagen på den årlege store klesbyttedagen. Det er klesbyttearrangement landet rund på laurdag 6. april.

Denne dagen er du hjarteleg velkommen til Suldal Kulturhus. Ta med deg nokre klær og bytt dei til nokre nye klær. Det skal være fine og reine plagg.

Ein spennande dag. Vi setter fokus på klesindustrien/forbruk/gjenbruk/ombruk og reparasjon/redesign og håpar at du stikker innom med eller utan klær. Alle er velkommen, også dei som bare er litt nysgjerrige!!